Hvordan forholder vi oss til arkitektur?


Har vi forsamlings- eller gudshus med en særlig arkitektonisk utforming? Er det i så fall en særlig hensikt med utformingen, og ligger det en historie bak?


Uenighetens fellesskap | November 15, 2018

Kyrkjebygga representerer norsk kulturarv gjennom tusen år. Ingen annan offentleg bygningstype finst spreidd over hele landet, på same måte som kyrkjebygga, eller representerer ei så lang, kontinuerlig historisk utvikling.

Kyrkjebygget var lenge det einaste offentlige bygget mange stader i Noreg. Kyrkjebygga vart sentrale i utforminga av byane og omlandet. Ingen andre kulturminnegrupper er sterkare identitetsskaparar, landet sett under eitt. Framleis har sjølv dei eldste kyrkjene den same opphavlege funksjonen, sjølv om utforming og stil har endra seg i takt med tida og bruken av kyrkjebygga.

På en særleg måte bidreg kyrkjebygga til å verkeleggjere paragraf 16 i Grunnlova, der det står at Den norske kyrkja «forbliver» Noregs folkekyrkje. Kyrkjebygga, med spir som ofte ragar høgt i terrenget, og med kyrkjeklokker som minner om og kallar inn til Guds hus, viser og at at kyrkjene er tydeleg til stades for heile folket.

Det heiter at kyrkjerommet skal vere bygd på teologi, difor vil ein kunne sjå at kyrkjene gjennom tidene har fått ulike uttrykk og utformingar. Prinsipielt er det to forskjellige grunnformer, langkyrkja og sentralkyrkja. Felles for dei fleste kyrkjene er at dei strekker seg mot himmelen, slik lovsongen og bøna stig opp til Gud.

Den grunnleggande ideen for langkyrkja er ein horisontal akse som strekker seg frå vest til aust. Dette er grunnen til at dei fleste kyrkjene er orientert mot aust, som eit symbol på livet, livsvandringa, frå død til liv. Orienteringa mot aust bygger på at vi trur Jesus kjem att, slik sola står opp i aust, og den nye dagen gryr.

Sentralkyrkjerommet, eller det sirkulære kyrkjerommet, er eit rom der fellesskapet og samlinga rundt nattverdbordet er sentral. Sentralkyrkjene har ein vertikal akse, ein akse for kontakten mellom Gud og menneske. Møtet mellom Gud og mennesket skjer her og no, og Guds himmel kjem ned til menneska.

Fellestrekk ved alle kyrkjebygg er at dei inneheld eit altar, ein altarring, preikestol og døypefont. Utforminga kan variere mykje – etter byggeår, stil og behov i kyrkjelyden.

Comments are closed.