Hvilke høytider er viktigst for oss?
Hvilke høytider er særlig viktige for oss? Hva er bakgrunnen for disse feiringene? Hvorfor er de viktige for oss?
Uenighetens fellesskap | November 15, 2018
Kvar søndag er ei feiring av Jesu oppstandelse.
Søndagen som fridag og heilagdag er eit av kjenneteikna på eit samfunn som er prega av kristen tradisjon.
Det er særleg tre høgtider som vert feira i vår kyrkje; jul, påske og pinse. Desse har vi felles med alle kristne kyrkjer.
Vi feirer Jesu fødsel på julaftan og 1. juledag. Gud blir menneske og blir fødd inn i vår verden som eit lite barn, bært fram av jomfru Maria. Vi brukar ofte ordet inkarnasjon for å skildre dette mysteriet.
Om våren feirar vi påske. Påska er til minne om Jesu død og oppstode. Dei viktigaste dagene i påskefeiringa er: Palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og 1. påskedag. Kristi himmelfartsdag høyrer også med til påskefesten.
Pinse blir feira på den 50. dagen etter påske, og er til minne om Den Heilage Ande som blei gitt til Jesu disiplar.
Kyrkjeåret sørger for at heile historia om Jesus blir fortalt, og at vi kan oppleve historia om att, kvart einaste år.