Hva slags kunst har vi?


Hva slags kunst benyttes av vårt samfunn? Er det noen kunstformer eller kunststiler vi setter særlig høyt? I hvilke sammenhenger blir kunsten brukt? Er det noen kunstformer som anses som upassende?


Uenighetens fellesskap | November 15, 2018

Kyrkja ser på behovet for å uttrykke seg kunstnerisk som noko av det vi er skapt til og med.

Estetikk og religion har alltid vore tett samanvevd. Luthersk tradisjon har generelt sett eit positivt syn på kunst og estetikk. Mange typar kunstuttrykk har lange tradisjonar i kyrkja, særleg innanfor områda visuell kunst, ordkunst og musikk. Martin Luther la vekt på at billedkunsten og musikken hjelper oss til å oppleve eller forstå den kristne trua. Han var òg oppteken av at kunsten kan gi ro, trøyst og glede.

Gudstenester, konsertar og andre kulturarrangement finn stad i ulike og unike kyrkjebygg med arkitektoniske kvalitetar, i kyrkjerom som er utsmykka med til dømes billedkunst, glaskunst, kunstgjenstandar, temporære utstillingar og liturgisk inventar. Vi finn ein kunstnerisk rikdom i liturgien, gjennom salmar, instrumentalmusikk, bibeltekstar og anna ordkunst.

I kraft av at kunsten finst i eller i tilknytning til kyrkjerommet og kyrkjebygget, vil kunsten her alltid, på ein eller anna måte, ha ein relasjon til teologien, læra om Gud. Kunsten gir seg uttrykk på uendeleg mange måtar, og kunsten har verdi i seg sjølv.

 

Comments are closed.