Hva er skjønnhet?


Hva er skjønnhet? Er skjønnhet viktig? Kan skjønnhet i noen tilfeller virke distraherende og/eller forledende?


Uenighetens fellesskap | November 15, 2018

I luthersk tradisjon trur vi at det skjønne har vore med frå byrjinga. Det greske ordet kalos betyr primært «vakker», «skjønn», samtidig betyr det «god». Etter at Gud har skapt heile universet og alt liv, er det dette ordet, kalos, som er brukt, når det står «Og Gud såg at det var godt».

I den vakre og utfordrande Bergpreika, i Matteusevangeliet, seier Jesus: «Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.»

Denne «herlegdomen» er heilt enkelt noko dei er skapte med. I små glimt kan vi oppleve og erfare det skjønne. Det kan skje så og seie overalt og når som helst, gjennom møter med menneske, med musikk, visuelle uttrykk og anna kunst, gjennom møte med Guds ord og med livet sjølv. Ein gong får vi kan hende oppleve og sanse skjønnheita fullt ut.

Saman med skaparverket, viser inkarnasjonen, Jesu død og oppstode frå døden, Guds skjønnheit. Skaparverket og inkarnasjonen kan openberre Guds herlegdom, og Guds uendelege kjærleik for menneska og heile skaparverket.

Comments are closed.