Hvilke symboler bruker vi?
Har vårt samfunn noen særlige symboler vi benytter oss av? Hva er betydningen deres? I hvilke sammenhenger blir de brukt?
Uenighetens fellesskap | November 15, 2018
Det å uttrykke seg gjennom symbol er typisk for mennesket og har også fulgt den kristne trua frå byrjinga. Symbola rammar inn gudstenesta i den kristne kyrkja, dei minner oss om trua og dei grunnleggande verdiane som ligg i trua.
Korset er det sterkaste kristne symbolet. Korset symboliserer Jesu oppstode og siger over døden. Krusifikset med ein korsfesta Kristus symboliserer noko av det same, Jesu død for oss.
Ein trekant med eit auge i midten symboliserer Gud som heilag og treeinig. Fisken som symbol vart teken i bruk av dei første kristne, og blir òg nytta i dag, som eit symbol på at ein er kristen. Lys symboliserer Jesus, som sa han var «verda sitt lys». Dua symboliserer dåp og Den Heilage Ande. Ein flamme eller ei ildtunge symboliserar òg Den Heilage Ande.
I mange kyrkjerom heng eit skip ned frå himlinga. Skipet peikar på at vi seglar på livsens hav. Alfa og omega-teikna symboliserer ein start og ein slutt. Sirkelen symboliserer æva, og peiker på heilskap og det fullkomne. Eit kvadrat er symbol på det jordiske, med dei fire verdshjørna
Alteret, eller nattverdbordet, symboliserer nattverdfellesskapet , og er eit symbol på Kristus. Akset symboliserer vandringa gjennom livet.
Desse symbola er eit lite utval av alle kristne symbol som er i bruk.